Omgivelsene

Velkommen til Hardanger.

Med utsikt mot Hardangerfjorden, den tredje lengste i verden, byr vi på en helt egen opplevelse. Fjord, fjell og til og med fonn er å finne i Hardanger. Vi er kjent for rik matkultur, frukt i verdensklasse og så mye mer.

Vil du ha tips til hva du kan gjøre her?

La oss dele våre beste tips!

 

Folgefonna i Hardanger

Folgefonna ligg ca. 25 km frå Hardanger Bobilparkering. Noregs tredje største isbre er ei naturoppleving i seg sjølv, men byr også på aktivitetar for einkvar smak. Du kan ete på resturanten Fonna 1199, stå på ski ved FONNA Glacier Ski Resort eller gå på bretur med Folgefonna Breførarlag.

Bilde hentet fra Visit Hardangerfjord

Bilde hentet fra Visit Hardangerfjord

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet ligg ca. 24 km frå Hardanger Bobilparkering, rett gjennom Jondaltunellen. Bondhusvatnet og Bondhusbreen var ein av dei fyrste plassane dei engeleske turistane besøkte når dei oppdaga Noreg på midten av 1800-tallet.

Frå parkeringen i Bondhusdalen, Sunndal er det 2,5 km grusveg inn til Bondhusvatet. Etter turen kan det vere godt med litt mat, me vil anbefale Olaløo på Bondhus.

Vegard Breie/Visit Hardangerfjord

Vegard Breie/Visit Hardangerfjord

Fotturar frå Torsnes

Ønskjer du helst å gjere noko frå Hardanger Bobilparkering så kan me anbefale ein fottur. Enten kan ein gå langs skogsvegane i området, eller så kan ein gå ein av dei to merka turstiane. Torsens- Vassvikane er ein fin og enkel tur som tek deg langs elva, og opp til Torsnesvatnet. Ønskjer du ein litt meir krevande tur så er det fint å gå Torsnes-Daurmålsdalen. Turen er merka som krevande og tek omlag 5 timar.

Lia mot fjorden.JPG

Vil du ha flere tips til hva det er å finne på her hos oss? Besøk Visit Hardangerfjord!